BREMNES IDRETTSLAG INVITERAR TIL
INNANDØRS FOTBALLTURNERING
I BØMLOHALLEN 30.-31. JANUAR 2026
Spelesystem: Kvart lag kan telja maksimum 8 spelarar der 5 er på banen om gongen (keeper + 4 utespelarar).
NB! Det er ingen krav til aktiv/ikkje-aktiv.
Kampane startar fredag kl. 18 til lørdag ettermiddag. (Merk at tida kan endre seg i forhold til antall påmeldte lag)
Cupen omfattar fylgjande klassar:
- Menn senior/junior fødd 2011 el. før
- Kvinner senior/junior fødd 2011 el. Før
Påmeldingsavgift: kr. 1450,- per lag. Påmeldingslink: https://wartsilanattcup.cupmanager.net
Påmeldingsfrist: søndag 25. januar kl 23:59
Premiering: Alle spelarane på finalelaga vert premierte.
Nytt av året – VANDREPOKAL
Ein ny ting til nattcupen i år er at me startar med vandrepokal.
Vandrepokal er eit konsept der laget som vinn nattcupen får ein vinnarpokal som laget får «låne» i eitt år, heilt fram til neste arrangement.
Denne pokalen blir det stor prestisje rundt, og han gir garantert skryterettar både heime og ute blant kjente.
Vinn det same laget totalt tre gonger?
Då får laget behalde pokalen for evig og alltid.
Har du lyst på ein sjanse til å vinne vandrepokalen?
Meld på lag til nattcup!
Kampoppsett vert lagt ut her https://wartsilanattcup.cupmanager.net/2026,nb/result/ så snart det er klart.
Kiosken er open under heile arrangementet. 😊
- Inngong: vaksen kr. 50/born kr. 20
Etter årets nattcup prøver me – BANKETT.
Dette arrangementet er for alle over 18 år.
For dei som deltek på nattcupen, blir det gratis inngong til banketten.
Det vil bli lagt ut eit avgrensa tal ekstra billettar for andre deltakarar mot inngangspris. Dette blir lagt ut seinare.
Planen for kvelden:
- Dørene opnar kl. 20:00
- Sal av drikke i baren utover kvelden
- Eige program med ulike prisar og aktivitetar
Dresskode: Pent kledd
For meir info og påmelding, så eige Facebook-arrangement for banketten.
Spørsmål kan rettast til Vibeke på al@bremnesil.no.
Tusen takk til sponsoren vår for nattcupen: 💐