Velkomen til ein festdag på friidrettsbana! Bømlomesterskapen i friidrett går av stabelen søndag 31. mai. Dette er eit arrangement for alle aldrar og nivå, og me lovar god stemning, kiosk og kjekke øvingar gjennom heile dagen.

🎽 Du treng ikkje vera del av friidrettsgruppa for å delta, så her kan alle vera med, enten du vil springe, hoppe, kaste eller heie frå sidelinja. Oppdatert program og påmelding kjem seinare på denne sida.