VELKOMMEN TIL REMA CUP 2027
I 2027 blir Rema Cup arrangert helga 11. – 13. juni! 

Me inviterer jenter og gutar 7 – 11 år
For mange av oss er fotball det gøyeste me veit i livet! Det å dra på cup er ofte forbundet med gode minner og kjekt samvær. Me ynskjer å vera møtepunkt for laga frå Vest og Sør.
Me pleier å vera heldige med cuptida vår, då Bømlo gjerne viser seg frå ei varm og solrik side. Me håpar været er med oss i år og at sola tittar fram. Me byr på kystkultur og mange spanande stader å overnatte.
Me er spesielt takksame og stolte over å ha med så mange frivillige på laget. Dei gjer sitt ytterste for at nettopp ditt opphald skal bli så triveleg som mogleg.

PÅMELDINGEN OPNAR 1. SEPTEMBER!

For 7-åringane i 3’ar fotballen, har barna éin dag med kampar. I hovudsak vert dette på laurdagen, evt på sundagen, om påmeldinga er stor. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 

For 5’ar og 7’ar fotball kan me freista med 6 kampar fordelt på to dagar.

Det vert opningsshow på fredagen og diskotek på laurdagen. I tillegg er det mogleg å nytta Bømlo symjehall gratis når ein har kjøpt deltakarkort (forutan D-kort).

Meir info om cupen kjem etter kvart herhttps://bremnesil.no/rema-cup/

Me håpar å sjå dykk på cup 11.-13. juni 2027!