Sommaren er atter på hell. Det går mot mørkare dagar, kulda set snart inn og garderoben må skiftast ut for å tilpassa sesongen.
DÅ passar det bra at me har eit LYSGLIMT å meddela.
Me held fram med tradisjonen med ROMJULSDANS og i år kan me freista med gruppene Fõnt Häär og Marius&Farius.
Alt ligg til rette for ein forrykande Romjulsdans i Bømlohallen LAURDAG 26. DESEMBER 2026 KL. 20:00.
Billettsalet er OPE og billett kan kjøpast her: https://billet.to/1986138-heimeside
18 års aldersgrense.
Fönt Häär
Fönt Häär er eit coverband frå Bømlo som starta opp i 2021. Bandet består av fem karar med sans for rock, livemusikk og god stemning. På repertoaret står kjente låtar med trøkk, groove og høg allsangfaktor – med mål om å skapa liv både foran scenen og på dansegulvet.
Besetning:
- Vokal – Kristian Larsen
- Gitar/vokal – Vegard Røsland
- Gitar – Øyvind Børnes
- Trommer – Nils Henrik Rogne
- Bass – Andreas Wilhelmsen
Marius & Farius
Gjer deg klar for Sunnhordlands mest ettertrakta allsangband på årets Romjulsdans!
Marius&Farius har dei siste åra spelt seg inn i hjarter over heile Vestlandet. Den karismatiske far-son duoen serverer kjente og kjære låtar med kvalitet, humor og glimt i auge. Med eit repertoar så stort som dagen er lang er dei garantistar for allsang og dansestemning.
Denne kvelden har dei med seg fullt band og står klare til å lette taket på Bømlohallen.
Besetning:
- Marius Sjo – Gitar og Vokal
- Remi “Farius” Sjo – Trommer
- Frode Hammersland – Bass
- Severin Vik – Gitar
- Fredrik Horn – Tangentar