Turngruppa i BIL har over 150 utøvarar frå 3 til 15 års alderen fordelt på 6 grupper. Treningane føregår i Bømlohallen på kveldstid mandag til onsdag. Turngruppa arrangerer to oppvisningar i året og drar på stevner/arrangement på våren.

Når ungdomstrenarane våre flytter vekk eller sluttar, søkar me nye trenarar til turngruppa vår. Bremnes Idrettslag søker deg som er mellom 16 og 25 år og har bakgrunn i frå turnmiljøet, som ynskjer å bidra til at våre utøvarar får ein best mulig treningskvardag.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av økter ilag med andre trenarar
  • Bidra til å oppretthalda og utvikla våre turngrupper
  • Være med i planlegging av vår/juleframsyning
  • Delta på arrangement BIL reiser på

Eigenskapar me er på jakt etter:

  • Turnerfaring
  • Evna til å engasjere barn på trening
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar med barn og vaksne
  • Interesse for idrett og fysisk aktivitet

Trenarerfaring er ein fordel, men me er og interreserte i unge utan trenarbakgrunn som har god erfaring som utøvar i turn.
Det vil vera ei forventing om å melda seg på og gjennomføra relevante trenarkurs dersom ein ikkje har det frå før. Alle relevante trenarkurs dekkes av idrettslaget.
Trenarhonorar etter avtale. Politiattest må framleggast ved ansettelse.

Søknad sendes snarest til dl@bremnesil.no
Ansettelse gjøres fortløpande

For spørsmål om arbeidsoppgåver ta kontakt med sportsleg leiar for turngruppa,
Tom Larsen tlf: 92805680