I år arrangerar me Tine Fotballskule 7. 8. og 9. oktober kl. 10-14.

Me inviterar alle barn født i 2013-2018 til mykje kjekk fotballaktivitet på sentralidrettsanlegget.
Prisen er kr 900,- og me tilbyr søskenrabatt for barn 2 og 3.
Mandagen 7. oktober bør ein koma seinast 09:30 for registrering.
Me serverar lunsj alle tre dagane.

Alle deltakarar må ha med seg eiga drikkeflaske merka med navn.
Alle deltakarar får utdelt ein sekk og ei t-skjorte frå Tine Meieriene.

Påmelding via: https://app.rubic.no/Public/Events/24477
Påmeldingsfrist: onsdag 2. oktober 2024

Me gler oss til 3 gode dagar med fotball, leik og morro i haustferien!
Velkommen til Tine Fotballskule hos Bremnes Idrettslag 🙂

* Ein vert ikkje medlem av BIL ved å registrere seg her.
** Det er viktig at me får beskjed om ditt barn treng ekstra oppfølging. Me prøver å legga til rette for alle behov, men treng hjelp til å gjera det på best mogleg måte.
*** Ynskjer du meir info tar du kontakt med oss på dl@bremnesil.no