Bremnes IL er ein klubb med mange dyktige frivillige og fotballspelarar.
Me ser no etter trenarar som vil vera med på å bidra til enkelte av laga i ungdomsavdelinga vår òg ein hovudansvarleg for rekruttlaget vårt for herrar i 5. divisjon.

Arbeidsoppgåver som trenar:

  • Planlegge og gjennomføre treningar og kampar i tråd med klubbens sportsplan.
  • Fokusere på spelarutvikling, lagbygging og trivsel.
  • Delta på trenarmøte og ulike arrangement av klubben.
  • Følge opp spelarar i samarbeid med støtteapparatet.

Me ser etter deg som:

  • Har interesse for fotball og erfaring som spelar eller trenar.
  • Har evne til å engasjere ungdom og skape eit positivt treningsmiljø.
  • Er opptatt av å bidra til individuell utvikling og lagutvikling.
  • Ønsker å lære og utvikle deg som trenar, med moglegheit til å ta relevante trenarkurs gjennom klubben.

Dette kan me tilby:

  • Støtte frå eit aktivt og inkluderande trenarteam.
  • Moglegheit for kursing og vidareutvikling som trenar (kostnader dekkast av klubben).
  • God oppfølging og tilgang til ressursmateriell for treningane.
  • Trenarhonorar etter avtale (for enkelte lag).

Høyrest dette ut som noko for deg? Ta kontakt på: fotball@bremnesil.no eller 46655098.
Me vurderer søkjarar fortløpande og jobbar for å finne eit lag som passar for kvar enkelt!