Turngruppa i Bremnes Idrettslag er i 2025 stolt arrangør av breddearrangementet i turn Gymfest i Vest, for barn 11-12 år og ungdom 13-17 år.
Det blir aktivitetar i og rundt Bømlohallen heile helga for dei deltakande klubbane frå gamle Hordaland-kretsen.
Bømlohallen vil vera open på fredag og søndag for alle som vil ta turen innom for å sjå på dei forskjellige konkurransane. Fredag blir det dansekonkurranse og søndag blir det troppskonkurranse og oppvisning med ulike programmer dei har lært i løpet av helga samt vinnarane frå dei ulike konkurransane, og me håpar at publikum tek turen for å heie fram gymnastane som skal konkurrere!
Påmeldinga er no open!
https://app.rubic.no/Public/Events/30802
MERK: Påmeldingsfristen er utsatt til 30. mars. 😊
Meir info kjem etterkvart 😊
Me vil retta ein stoooor takk til sponsorane våre for Gymfest i Vest som er med på å lage gode rammer rundt arrangementet:
- Sparebanken Vest
- Finnås Kraftlag
- Wärtsilä Norway AS
- LOS Gruppen
💐 💐 💐 💐 💐
Vil ditt firma være med på laget, er det bare å ta kontakt 😊 al@bremnesil.no



