Bremnes IL er stolt av å kunne offentleggjera at hovedstyret vårt nyleg innstilte Eva Nesheim som æresmedlen i vår flotte klubb. Eva Nesheim har vert ein utruleg viktig person i idrettslagets historie og var ein av pådrivarane bak at BIL fekk arrangera Gymfest i Vest i 2005. Det er fantastisk at på vårt 80-års jubileum – året Gymfest i Vest er tilbake på Bremnes – at me kan æra ho Eva som nytt Æresmedlem på veggen i klubblokalet.

Eva Nesheim under eit arrangement i sentrum. Bilete er henta frå Kristine Sele si bok “Betre I Lag” frå 2015
Litt bakgrunn om Eva
Eva Nesheim kom inn i turngruppa som instruktør nokre få år etter at dei blei eiga gruppe i 1980. Ho var først instruktør i ei barnegruppe og starta då med å trena stevneprogram og etter kvar også apparatturn.
Eva blei fort ein stor ressurs i den nyoppståtte turngruppa.
Med bakgrunn frå turn i Bergen Turnforening hadde ho mykje kunnskap om organisasjonen og god kjennskap til både styret og instruktørane der. Dette var til stor hjelp for våre styremedlemmer, trenarar og utøvarar. Dei fekk reisa på turnstevner både i og utanfor kretsen. Dei som trena appart fekk også delta i båpde Turniade og Hordiade med mange gode resultat.
Med Eva sin kjennskap i kretsen skaffa ho også mange gode instruktørar som gjesta klubben vår som var god inspirasjon og motivasjonen for våre trenarar og utøvarar.
Eva var også instruktør for ei stor damegruppe som trena stevneprogram og reiste på stevner rundt om i kretsen. Damegruppa deltok også på landsturnstevnet.
I tillegg var Eva ein av pådrivarane til at me fekk bygde den flotte Bømlohallen me har i dag. Ho va med på å starte opp Aerobic og Spinninggrupa både økonomisk og forretningsmessig.
Det er ingen tvil om at Eva har gjort ein stor jobb for både barn, unge og vaksne i turngruppa til BIL.
Kommentar frå turnstyret ved Sportslig Leiar, Tom Larsen:
Eva Nesheim har vært ein av dei viktigaste personane i turn-miljøet på Bømlo og bidratt til den statusen turn har i dag. Ho var også hovedgrunnen til at Gymfest i Vest kom til Bremnes under 60 års jubileet vårt. Turngruppa ønsker gjerne at hennar prestasjonar kan hylles under årets Gymfest i Vest der ho og Lillian Innvær (styreleiar i turngruppa under GFiV 2005) vert invitert som æresgjester.
Det er heller ingen tvil om at æresmedlem-veggen fortjen ei sterk kvinne som har gjort ein fantastisk innsats for Bremnes i over 20 år.
Me gratulerar Eva Nesheim som vårt ferskaste Æresmedlem