Bremnes IL er ein klubb med mange dyktige frivillige og fotballspelarar.
Me ser no etter trenarar som vil vera med på å bidra til enkelte av laga i ungdomsavdelinga vår òg ein hovudansvarleg for rekruttlaget vårt for herrar i 5. divisjon.
Arbeidsoppgåver som trenar:
- Planlegge og gjennomføre treningar og kampar i tråd med klubbens sportsplan.
- Fokusere på spelarutvikling, lagbygging og trivsel.
- Delta på trenarmøte og ulike arrangement av klubben.
- Følge opp spelarar i samarbeid med støtteapparatet.
Me ser etter deg som:
- Har interesse for fotball og erfaring som spelar eller trenar.
- Har evne til å engasjere ungdom og skape eit positivt treningsmiljø.
- Er opptatt av å bidra til individuell utvikling og lagutvikling.
- Ønsker å lære og utvikle deg som trenar, med moglegheit til å ta relevante trenarkurs gjennom klubben.
Dette kan me tilby:
- Støtte frå eit aktivt og inkluderande trenarteam.
- Moglegheit for kursing og vidareutvikling som trenar (kostnader dekkast av klubben).
- God oppfølging og tilgang til ressursmateriell for treningane.
- Trenarhonorar etter avtale (for enkelte lag).
Høyrest dette ut som noko for deg? Ta kontakt på: fotball@bremnesil.no eller 46655098.
Me vurderer søkjarar fortløpande og jobbar for å finne eit lag som passar for kvar enkelt!