Godt nyttår kjære BIL-familie!

Me har lagt bak oss et flott 2018 der idrettslaget nok eit år har hatt stor aktivitet og fantastisk lagånd. Våre store og små arrangement har gått knirkefritt og dette hadde aldri vore mogleg utan våre frivillige som med stor dugnadsånd har losa alt trygt i hamn. Tusen takk til alle saman. Vårt største arrangement, Rema-cup, vart ein knallsuksess. Som vanleg berre smil å sjå frå våre gjester der fotballen og det sosiale går hand i hand.
Fotball er vår største gruppe og har hatt ein flott sesong. Årets Norway cup hadde rekorddeltaking fra Bremnes og me gjorde tidenes beste cup sportsleg sjølv om ikkje me tok heim den største pokalen denne gongen. Sportsleg suksess er kjekt men enda viktigare er den sosiale arenaen med å bu i samen på skule og knytta tette band på tvers av laga. Dette er ein fin tradisjon me bør ta vare på. A-laget rykka opp til 4 divisjon etter ein overbevisande sesong og vårt juniorlag har etablert seg i elitedivisjonen i Hordaland, noko som er viktig på lengre sikt for A-laget også. Vårt damelag hadde også ein flott sesong i 4 divisjon etter opprykket i fjor. Våre unge talenter med Lennart i spissen viser at me har eit godt utviklingsmiljø i laget for dei som vil litt ekstra. Dettte er viktig men like viktig er det at me har ein fin balanse med gode tilbod til alle våre aktive. Nøkkelen til dette er å få nok foreldre med på alle nivå. Ikkje vær redd for å stille opp. Alle kan bidra med noko. Våre ungdommar fortener at me stiller opp for dei og ved å vera med rundt eit lag så får du tilbake i massevis med gode opplevingar.
Friidrettsgruppa vår jobbar godt på med mykje treningar og stemner året rundt. Markjamilo er komen for å bli og trass et dårleg ver i 2018 blei arrangementet gjennomført med god deltaking og humør. Friidretten har lukkast med å få med ein bra gruppe med foreldrehjelp og dette viser seg viktig for å kunne gje gode tilbod til våre aktive. Me får då betre treningar og støtte til alle. Med Ann Helen i spissen har me starta opp ein ny aktivitet i året som gjekk. Atletix er eit gratis tilbod til ungdommar mellom 15 og 25 år som gjer et aktivt tilbod til mange som kanskje likar å samlast for aktiv trening og sosial samling utan organisert konkurranseidrett. Eg håpar mange fleire hiv seg med dette glimrande tilbodet der me får enda fleire i aktiv trening.
Turnavdelingen vår er stor og enda veksande i aktivitet. Me har dei siste åra halde rekrutteringa god og i tillegg har me hatt ei sterk auke i ungdomsavdelinga fra 12-18 år. Flott sportsleg framgong noko som gjer at våre yngste har noko å strekka seg etter. Me har fått eit aktivt styre igong som legg ned ein stor innsats. Vår største utfordring er at me har ventelister på å få vera med på turn. Det gjer vondt å måtte sei nei til ungar som vil vera med grunna mangel på hallkapasitet. Løysinga kan ikke vera å sei nei til ungar som vil trene men å byggja meir anlegg. Eg vil oppmoda alle til å framsnakka ein storhall der me har planlagt å legga inn ein basishall for turn. Me trur at dette vil ta vår turnavdeling eit langt stykke fram og også vera eit tilbod til skular og andre som likar actiontrening! Legg me på vårt store behov for meir fotballflater så må me få igang ei realisering av storhall fortast råd.
Spinning og Aerobic har satsa på oppgradering av utstyr i året som gjekk. Nye, topp moderne spinningsyklar og tilhøyrande utstyr gjer treninga til ei kjekk oppleving. Våre engasjerte instruktørar er meget aktive og flinke til å laga nye tilbod. Eit viktig sådan er seniortrimmen med Frode i spissen. Dette tilbodet er perfekt i vår målsetjing for å få fleire i aktivitet og spesielt grupper som ikkje er så aktive frå før. Me har enda eit potensial med å få engasjert fleire medlemmar i 50+ alderen. La oss alle i 2019 invitera minst ein person me ser kan ha glede av å få vera med på noko sosialt ilag. Senortrim eller andre aktivitetar i denne gruppa er perfekt til dette.
Handballgruppa vår er liten men aktiv. Vår kjernegjeng treng fleire spelerar og frivillige til å vera med rundt. Det bør fint gå an å kombinere handball med andre aktiviteter som går meir på sommaren, som fotballen. Det bør vera vår målsetting å få auke aktiviteten rundt handball framover. Me kjem sjølvsagt tilbake til hallkapasitet igjen men me berre må finna ei løysing på dette.
Det har skjedd endringar i administrasjonen også. Me har tilsett ny dagleg leiar. Vil takke alle for å tatt godt imot Jovana som starta hos oss i august. Med sitt blide vesen har ho vore eit friskt pust og har store planer for godt leiarskap av laget framover. Me bestemte oss for å leggja ned kantinedrifta frå sommaren 2018 av. Drifta blei over tid ein aktivitet som kom litt for langt på sida av det me skal drive med, idrett. Heldigvis er kantina gått gåande på skulen med ny aktør inne. Ei viktig endring som vil påverka 2019 er at me har valgt Macron som vår nye hovudleverandør på klubbutstyr. Me vil opna ein eigen Macronbutikk med ein innhaldsrik klubbkolleksjon. Me vil ha noko klede tilgjengeleg i butikken spesielt for prøving og deretter kan ein bestille via ein eigen nettbutikk for Bremnes. Oppmodar alle til å ta turen innom butikken vår og nytta gode tilbod.
Bømlohallen har fått montert ein flott klatrevegg. Dette har opna for ein ny aktivitet i laget og me har oppretta ei klatregruppe. Me vil utdanna instruktørar slik at dette blir gjort i trygge former. Klatring er ein spennande idrett som me oppmodar til å prøvast. Fin sport som også kan kombinerast med andre idretter.
Våre stadig aukande aktivitetar hadde vore umogleg å få til utan våre sponsorar. Me er særs heldige å motta støtte fra sponsorane våre år etter år. Me håpar de ser at støtten blir brukt til noko bra for samfunnet me alle er ein del av. Tusen takk til våre gamle og nye sponsorar som er kommen til. Kan nemna her at me har eit samarbeid med ei elevbedrift fra Bømlo Vidaregpande Skule som kallar seg Ungt Driv. Dei gjer eit flott arbeid for laget mot sponsorer og marknadsføring av laget. Me håpar at me den coachinga dei får fra vår administrasjon legg til rette for at ein gong dei kan starte eiga bedrift på Bømlo. Dette er iallefall god trening.

Takk til våre frivillige, trenerar, lagleierar, støtteapparat, styremedlemmer og alle andre som bryr seg om laget vårt.

Godt nytt år til alle og til lukke med sesongen 2019,

Tore Kallevåg
Styreleiar