⚽️ ⚽️ ⚽️ Påmelding til REMA CUP 2024 er open! 🎉🎉🎉

Velkommen til Rema Cup 2024.

For mange av oss er fotball det kjekkaste me veit i livet! Det å dra på cup er ofte forbundet med gode minner og kjekt samvær. Me ynskjer å vera møtepunktet for laga frå vest og sør.

Påmeldinga er no open! Du kan melde på lag her.
Etter påmelding kan du redigere din påmelding her.

For 5’ar og 7’ar fotball kan me freista med 6 kampar fordelt på to dagar.

NYHEIT for 2024! 😊
Nytt av året er at 7-åringane har éin dag med kampar, anten laurdag eller sundag. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 😊 Lag i denne alderen som ikkje ynskjer overnatting eller faste måltid i hallen betalar kun for lagspåmeldinga, altså 0kr for deltakerkort 😊

For meir info om cupen og prisar, gå inn på bremnesil.no/rema-cup

Me håpar å sjå dykk på cup 7.-9. juni 2024! 🌞