Rema Cup – ein familiehelg på Bømlo!
VELKOMMEN TIL REMA CUP 2027
I 2027 blir Rema Cup arrangert helga 11. – 13. juni! 😊
Me inviterer jenter og gutar 7 – 11 år
For mange av oss er fotball det gøyeste me veit i livet! Det å dra på cup er ofte forbundet med gode minner og kjekt samvær. Me ynskjer å vera møtepunkt for laga frå Vest og Sør.
Me pleier å vera heldige med cuptida vår, då Bømlo gjerne viser seg frå ei varm og solrik side. Me håpar været er med oss i år og at sola tittar fram. Me byr på kystkultur og mange spanande stader å overnatte.
Me er spesielt takksame og stolte over å ha med så mange frivillige på laget. Dei gjer sitt ytterste for at nettopp ditt opphald skal bli så triveleg som mogleg.
For 7-åringane i 3’ar fotballen, har barna éin dag med kampar. I hovudsak vert dette på laurdagen, evt på sundagen, om påmeldinga er stor. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 😊
Har ein mixlag, melder ein laget på i guteklassen.
Alle lag som har overnatting gjennom Rema Cup må også fylle ut eit ansvarsskjema for opphaldet. Link til Ansvarsskjema her.
Meld på ditt lag
⚽️ ⚽️ ⚽️ Påmeldinga til REMA CUP 2027 opnar 1. september 2026 kl. 09! 🎉🎉🎉
Link til påmelding: https://remacup.cupmanager.
For 5’ar og 7’ar fotball kan me freista med 6 kampar fordelt på to dagar.
3’ar fotball har éin dag med kampar I hovudsak vert dette på laurdagen 12. juni, evt på sundagen, om påmeldinga er stor. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 😊
Det vert opningsshow på fredagen og diskotek på laurdagen. I tillegg er det mogleg å nytta Bømlo symjehall gratis når ein har kjøpt deltakarkort (forutan D-kort).
Me håpar å sjå dykk på cup 11.-13. juni 2027! 🌞
Cup Info og Kampoppsett
Tid og stad
Me arrangerer Rema cup 2027 på Sentralidrettsanlegget ved Bømlohallen 11.-13. juni!
Klasser
5’ar og 7’ar lag får 6 kampar fordelt på to dagar.
3’ar lag får 4 kampar I hovudsak vert dette på laurdagen 12. juni, evt på sundagen, om påmeldinga er stor.
| Klasse | Fødd | Speleform | Kamptid |
| 7 år | 2020 | 3×3 | 1x 13min |
| 8-9 år | 2019/2018 | 5×5 | 1x 25min |
| 10-11 år | 2017/2016 | 7×7 | 1x 25min |
Kampoppsett
Kampoppsett kjem.
Måltider
Me serverar mat under opningsshowet, frukost, lunsj og middag på laurdag og frukost og lunsj på sundag. Matservering skjer i Bømlohallen og er open for dei med deltakarkort A og B.
Fairplay
REMA Cup ønskjer å gje ein oppmerksomhet til eit jentelag og eit gutelag som har utmerka seg for sitt Fair Play spel. Meld inn nominasjonar til sekretariatet innan sundag 13. juni kl. 13.
Me håpar på mange nominasjonar under årets REMA Cup!
Banekart
Banekart kjem.
Prisar og Fristar
Påmelding
I 2027 vert det fylgjande spelformer, lagpåmeldingsavgiftar og deltakarkort for REMA CUP:
- 7 år (fødd 2020) – 3’ar fotball kr. 750,-
- 8 år (fødd 2019) – 5’ar fotball kr. 1000,-
- 9 år (fødd 2018) – 5’ar fotball kr. 1000,-
- 10 år (fødd 2017) – 7’ar fotball kr. 1200,-
- 11 år (fødd 2016) – 7’ar fotball kr. 1200,-
Deltakarkort
Alle spelarar må ha deltakarkort. Spelarane må kjøpa ein av følgjande deltakarkort:
A-kort er for spelarar som skal overnatte på skulane og som skal ha måltid i hallen.
B-kort er for spelarar som ikkje skal overnatte på skulane, men som skal ha alle måltid i hallen.
C-kort er for spelarar som ikkje skal overnatte på skulane og ikkje skal ha måltid i Bømlohallen.
D-kort er for spelarar som spelar 3’ar fotball. Kortet gjeld for ein dag, anten laurdag eller sundag (utan overnatting, utan måltid og utan symjehall).
Vaksne som skal overnatte på skule saman med spelarane eller ete i matsalen samen med spelarane, må kjøpa ein av følgjande deltakarkort:
A-kort vaksen er for trenarar og foreldre som skal overnatte saman med spelarane på skulane og som skal ha måltid i hallen.
B-kort vaksen er for trenarar og foreldre som ikkje skal overnatte på skulane, men som skal ha alle måltid i hallen saman med spelarane.
Grunna kapasiteten på skulane, er A-korta for spelarar og vaksne som følgjer laga. Søsken har ikkje moglegheit til å overnatta på skulane.
Fristar
- Påmelding opnar 1. september 2026 kl. 09!
Påmeldinga er gyldig når betaling av lagpåmeldingsavgifta er registrert.
Me praktiserer førstemann til mølla prinsippet, der dato for betalinga av lagpåmeldingsavgifta er den som gjeld.
Minner om at det ikkje er lov å spele på fleire lag under turneringa.
Påmeldingsfristar:
- FRIST FOR LAGPÅMELDING: søndag 21. mars
Lag som trekkjer seg mellom 22. mars (opprinnelig frist) og 5. april får refundert 50% av lagpåmeldingsavgifta. Det er ingen refusjon av lagpåmeldingsavgifta for lag som trekkjer seg etter 5. april. Lag som trekkjer seg etter 9. mai, ilegges eit gebyr på kr. 500,-. - FRIST FOR KJØP AV DELTAKARKORT: måndag 5. april
- FRIST FOR BETALING AV DELTAKARKORT: søndag 9. mai
Ved refusjon av deltakarkort etter 9. mai, må legeerklæring framvises.
Deltakarkort
Priser for 2027 pr. spelar eller vaksen

Overnatting
Overnatting med A kort
Du som kjøper A-kort eller Vaksen A-kort på skule, får plass på ein av våre skuler. De treng IKKJE ta kontakt med skulen sjølve, det har me allereie gjort.
Merk at dei fleste skulane ikkje er i gangavstand til Bømlohallen, så ein må ordne med transport til/frå kamp sjølv.
Andre moglegheiter for overnatting på Bømlo
- Bømlo hotell
- Kulleseidkanalen
- Fjordtun Bømlo
- Gilje bedehus
- Rubbestadneset bedehus
- Salem bedehus
- Private som leiger ut på Airbnb
- Les meir og finn fleire overnattingsstader her: https://opplevbomlo.no/overnatting
- Bubilparkering i Svortland sentrum
Bubilparkering her kostar 150,- pr. døgn + 50,- for straum. Det er ingen reservering – fyrstemann til mølla. Det er plass til 18 bubilar.
Meir info: https://bobilplassen.no/svortland-bomlo-i-vestland/
Om de ynskjer å booke fast bubilplass, må de ta kontakt med Kulleseidkanalen, som tilbyr dette.
Mykje gøy under cupen
Opningsshow
Me inviterar til opningsshow på fredagen. Tidspunkt kjem. Det vert servering av mat for deltakarar og foreldre med deltakarkort A og B.
I tillegg er kiosken open.
Symjing
Bømlo symjehall held dørene opne for deltakarar på REMA Cup. Våre deltakararmband er vatnbestandige, så du kan symje med bandet på. Vis bandet hos vakta i symjehallen, og du kjem inn gratis (gjeld ikkje D-kort. Deltakarar med D-kort og vaksne/tilreisande utan deltakarkort har moglegheit for å kjøpa vanleg billett). Info om Bømlo symjehall
Aktivitetar
I aktivitetsteltet vert det ansiktsmåling.
Det vil og vera hoppeslott og diverse aktivitetar på cupområdet. 😊
Diskotek
Laurdag kl. 20.00-22.00 vert det diskotek i Bømlohallen. Diskoteket er ope kun for Rema Cup sine deltakarar.
NYHEIT! I år vert det tema! Meir info kjem.
Kioskar
Det vil vera moglegheit for betaling med både kort, kontant og vipps i våre kioskar under Rema Cup.
Korleis kome til Bømlo
Rema Cup arrangeres på Sentralidrettsanlegget og i Bømlohallen.
Med bil frå nord (Bergen og omegn) køyrer du E39 sørover. Det er bilferje mellom Haljem og Sandvikvåg på Stord. Rett før E39 stuper ned i Bømlafjordtunnelen, går vegen av mot Bømlo.
Med snøggbåt frå Bergen. Det går snøggbåt frå Strandterminalen til Ølen. Du går av på Rubbestadneset, som er Bømlo, ca 7 min med bil frå Sentralidrettsanlegget. Frå Rubbestadneset kai er det gangavstand til Bømlo hotell.
Med bil frå sør (Stavanger, Haugesund) køyrer du E39 nordover. Rett etter at du kjem ut av Bømlafjordtunnelen går avkøyringa til Bømlo.
Med eigen båt både frå nord og sør – det er mogleg å leggje til med båt fleire stader på Bømlo, mellom anna ved Kulleseidkanalen gjestehamn. Sjekk sjøkartet for ei annleis reise til Bømlo.
Kontakt oss




