Rema Cup – en familiehelg på Bømlo!

VELKOMMEN TIL REMA CUP 2025

I 2025 blir Rema Cup arrangert helga 13. – 15. juni! 😊

 

Me inviterer jenter og gutar 7 – 11 år

For mange av oss er fotball det gøyeste me veit i livet! Det å dra på cup er ofte forbundet med gode minner og kjekt samvær. Me ynskjer å vera møtepunkt for laga frå Vest og Sør.
Me pleier å vera heldige med cuptida vår, då Bømlo gjerne viser seg frå ei varm og solrik side. Me håpar været er med oss i år og at sola tittar fram. Me byr på kystkultur og mange spanande stader å overnatte.
Me er spesielt takksam og stolte over å ha med så mange frivillige på laget. Dei gjer sitt ytterste for at nettopp ditt opphald skal bli så triveleg som mogleg.

ME FORTSETT MED SUKSESSEN FRÅ I FJOR! 😊
I fjor introduserte me ein ny cupform for 7-åringane i 3’ar fotballen, der barna har éin dag med kampar, anten laurdag eller sundag. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 😊
Nytt for i år, er at lagspåmeldinga for 3’er fotballen er samla for gutar og jenter, som opnar opp for puljer med mixlag. Me ser dei siste åra at det er blitt vanleg med mixlag, og me ønskjer å legge til rette for dette i kampoppsettet. Ein spesifiserer i LAGNAMNET ved påmelding om ein er reint gute-eller jentelag eller mixlag.

Me har gjort desse endringane etter tilbakemeldingar frå dykk og håpar at dette blir tatt godt i mot. 😊

Alle lag som har overnatting gjennom Rema Cup må også fylle ut eit ansvarsskjema for opphaldet. Ansvarsskjema finn ein her eller scan QR koden:

Meld på ditt lag

⚽️ ⚽️ ⚽️ Påmelding til REMA CUP 2025 er open! 🎉🎉🎉

Du kan melde på lag her.
Du kan redigere din påmelding i etterkant her.

For 5’ar og 7’ar fotball kan me freista med 6 kampar fordelt på to dagar.

3’ar fotball har éin dag med kampar, anten laurdag eller sundag. Kvart lag vil få spela 4 kampar denne dagen! 😊

Det vert og et opningsshow på fredagen og diskotek på laurdagen. I tillegg er det mogleg å nytta Bømlo symjehall gratis når ein har kjøpt deltakarkort (forutan D-kort).

Me håpar å sjå dykk på cup 13.-15. juni 2025! 🌞

Cup Info og Kampoppsett
Tid og stad

Me arrangerer Rema cup 2025 på Sentralidrettsanlegget ved Bømlohallen 13.-15. juni!

Klasser

5’ar og 7’ar lag får 6 kampar fordelt på to dagar.
3’ar lag får 4 kampar anten laurdag eller sundag.

Klasse Fødd Speleform Kamptid
7 år 2018 3×3 1x 13min
8-9 år 2017/2016 5×5 1x 25min
10-11 år 2015/2014 7×7 1x 25min

 

Kampoppsett

Kampoppsettet kjem innan slutten av mai.

Måltider

Me serverar mat under opningsshowet, frukost, lunsj og middag på laurdag og frukost og lunsj på sundag. Matservering skjer i Bømlohallen og er open for dei med deltakarkort A og B.

Fairplay

REMA Cup ønskjer å gje ein oppmerksomhet til eit jentelag og eit gutelag som har utmerka seg for sitt Fair Play spel. Meld inn nominasjonar til sekretariatet innan sundag 15. juni kl. 12.
Me håpar på mange nominasjonar under årets REMA Cup!

Banekart

Banekart kjem.

 

Prisar og Fristar
Påmelding
I 2025 vert det fylgjande spelformer og lagpåmeldingsavgiftar for REMA CUP:

  • 7 år (fødd 2018) – 3’ar fotball kr. 650,-
  • 8 år (fødd 2017) – 5’ar fotball kr. 900,-
  • 9 år (fødd 2016) – 5’ar fotball kr. 900,-
  • 10 år (fødd 2015) – 7’ar fotball kr. 1100,-
  • 11 år (fødd 2014) – 7’ar  fotball kr. 1100,-

Deltakarkort
Alle spelarar må ha deltakarkort. Spelarane må kjøpa ein av følgjande deltakarkort:
A-kort er for spelarar som skal overnatte på skulane og som skal ha måltid i hallen.
B-kort er for spelarar som ikkje skal overnatte på skulane, men som skal ha alle måltid i hallen.
C-kort er for spelarar som ikkje skal overnatte på skulane og ikkje skal ha måltid i Bømlohallen.
D-kort er for spelarar som spelar 3’ar fotball. Kortet gjeld for ein dag, anten laurdag eller sundag.

Vaksne som skal overnatte på skule saman med spelarane eller ete i matsalen samen med spelarane, må kjøpa ein av følgjande deltakarkort:
A-kort vaksen er for trenarar og foreldre som skal overnatte saman med spelarane på skulane og som skal ha måltid i hallen.
B-kort vaksen er for trenarar og foreldre som ikkje skal overnatte på skulane, men som skal ha alle måltid i hallen.

Frister

  • Påmelding opnar 19. september 2024!
    Påmeldinga er gyldig når betaling av lagpåmeldingsavgifta er registrert.
    Me praktiserer førstemann til mølla prinsippet, der dato for betalinga er den som gjeld.
    Minner om at det ikkje er lov å spele på fleire lag under turneringa.

Påmeldingsfristar:

  • LAGPÅMELDING: søndag 23. mars
  • Kjøp av DELTAKARKORT: tirsdag 1. april
  • Betaling av deltakarkort: søndag 18. mai
    Ved refusjon av deltakarkort etter 15. april, må legeerklæring framvises.
    Lag som trekkjer seg etter 1. april får refundert 50% av lagpåmeldingsavgifta. Etter 1. mai vil ein ikkje få refundert lagpåmeldingsavgifta.
  • Leggje inn NAMN PÅ SPELARAR OG FORDELE PÅ LAG: søndag 1. juni

Deltakarkort

Priser for 2025 pr. spelar eller vaksen

Overnatting
Overnatting med A kort

Du som kjøper A-kort eller Vaksen på skule, får plass på ein av våre skuler. De treng IKKJE ta kontakt med skulen sjølve, det har me allereie gjort.
Merk at dei fleste skulane ikkje er i gangavstand til Bømlohallen, så ein må ordne med transport til/frå kamp sjølv.

Andre moglegheiter for overnatting på Bømlo

Klikk på bilde for større bilde

 

Mykje gøy under cupen
Opningsshow

Me inviterar til opningsshow på fredagen (tidspunkt kjem). Det vert servering av mat for deltakarar og foreldre med deltakarkort A og B frå 18:00-18:45 (tidspunkt kan endre seg noko).
I tillegg er kiosken open.

Symjing

Bømlo symjehall held dørene opne for deltakarar på REMA Cup. Våre deltakararmband er vatnbestandige, så du kan symje med bandet på. Vis bandet hos vakta i symjehallen, og du kjem inn gratis (gjeld ikkje D-kort. Deltakarar med D-kort har moglegheit for å kjøpa vanleg billett). Info om Bømlo symjehall

Aktivitetar

I aktivitetsteltet vert det ansiktsmåling.
Det vil og vera diverse aktivitetar på cupområdet. 😊

Diskotek

Laurdag kl. 20.00-22.00 vert det diskotek i Bømlohallen. Diskoteket er ope kun for Rema Cup sine deltakarar.

Kioskar

Det vil vera moglegheit for betaling med både kort, kontant og vipps i våre kioskar under Rema Cup.

Korleis kome til Bømlo

Rema Cup arrangeres på Sentralidrettsanlegget og i Bømlohallen.

Med bil frå nord (Bergen og omegn) køyrer du E39 sørover. Det er bilferje mellom Haljem og Sandvikvåg på Stord. Rett før E39 stuper ned i Bømlafjordtunnelen, går vegen av mot Bømlo.

Med snøggbåt frå Bergen. Det går snøggbåt frå Strandterminalen til Ølen. Du går av på Rubbestadneset, som er Bømlo, ca 7 min med bil frå Sentralidrettsanlegget. Frå Rubbestadneset kai er det gangavstand til Bømlo hotell.

Med bil frå sør (Stavanger, Haugesund) køyrer du E39 nordover. Rett etter at du kjem ut av Bømlafjordtunnelen går avkøyringa til Bømlo.

Med eigen båt både frå nord og sør – det er mogleg å leggje til med båt fleire stader på Bømlo, mellom anna ved Kulleseidkanalen gjestehamn. Sjekk sjøkartet for ei annleis reise til Bømlo.

Kontakt oss

    Pin It on Pinterest