Odd-Inges minnefond

Vi mista vår kjære Odd-Inge den 17. juni 2018. Ein kjær son, bror, svoger, onkel, nevø, søskenbarn og ven. Pappa (Svein Egil) fant han død i senga på morgonen før frukost. Ein grusom dag. Vi hadde  open kyrkje samme kveld der nærare 400 deltok. Minnestund 22. juni og gravferd  juni. Under planlegging av gravferda  med presten Asbjørn Helge Gundersen spurte han om me hadde tenkt på noko som kunne gis i staden for blomar.

 

Då byrja me og tenkja på å støtta Bremnes Idrettslag.

Dette på grunn av at Odd-Inge har trena fotball i Bremnes siden han var 8-9 år og slutta som siste års junior i november 2017. I tillegg trente han G11-12 på Meling. Odd-Inge har vore medlem i BIL siden han var 4-5 år (turn). Me fant ut i samråd med familien at vi ønska å lage Odd-Inges Minnefond.

Tore og Frode stod ved utgangen i gravferda og samla inn penger. Då kom det inn kr. 11.260. I dag er fondet på nesten 50.000. Svein Egil hadde innsamling på bursdagen sin 6. desember og fikk inn nærare 10.000 kroner.

 

Midlene som kjem inn er tenkt brukt til utdeling av årlege prisar som stipend, utstyr til dommarar og til ting som BIL treng. Fondet har hatt 2 utdelingar. På ungdomsavslutning der alle dommarar fekk fotballkampbillettar, rekrutteringsdommarar fekk kr. 3000 og Lennart Andal fekk pris og pokal som årets spelar. Under julebordet til BIL fekk Birger Habbestad og Bjarne Ådnanes priser for alt dei har betydd i hans fotballkarriere ( dei har trent Odd-Inge frå han var 13-19 år). Alt er bestemt av familien i samråd med BIL.

 

Beste helsing,

Svein Egil, Ingvild, Susanne, Espen, Mathilde og Tian
 

Du kan støtte Odd-Inges minnefond ved å innbetala ein viss sum til konto 3633 57 23591.