Info om medlemskapet

Så kjekt at du ynskjer å bli medlem i Bremnes IL!

Det er noko praktisk info som du bør lese før du går vidare. Medlemskontingent er nemleg obligatorisk for alle aktive i klubben fordi den dekkjer forsikring i Idrettsforbundet. Dette gjeld både trenarar, utøvarar/spelarar og foreldrehjelp. Foreldre til barn i de yngste gruppene på turn vert oppfordra til å verta medlemmar òg. Viss ein vert skadd på trening, men ikkje er medlem, er ein ikkje dekt av vår forsikring.

Ein må altså vere medlem for å kunne drive med aktivitet. I tillegg er det eit bidrag til drifta av idrettslaget. Medlemskontingenten danner grunnlaget for støtte frå Idrettsforbundet.

Medlemskapen gjeld frå 1.januar til 31.desember.

Frå januar 2019 skal BIL praktisere 1 påmelding i løpet av året. Det vert ikkje lenger påmelding til både vår og haust, inne- og utesesong. Eit medlem vel ein idrett og betalar treningsavgift for heile året. Det vert mogleg å byte mellom idrettar i løpet av same år utan ekstra kostnader. Det tyder at ein t.d. kan byrja på turn, men velja å halda fram med handball eller friidrett. Det gjeld spesielle vilkår viss ein ynskjer å byte til fotball.

Medlemmar som ynskjer å delta på to aktivitetar skal betale treningsavgift for båe to.

Medlemmar som byrjar med aktivitet etter sommarferien skal betale halv treningsavgift.

Ein skal betale medlemsavgift med ein gong ein melder seg inn i klubben og det kjem informasjon om fristar for innbetaling av treningsavgift.

Medlemsavgift og treningsavgift kan ikkje refunderast.
Skal du melda deg ut av ei gruppe eller Bremnes Idrettslag, må detta gjerast på mail til dl@bremnesil.no.

 

 

 

 

 

 

Medlemsfordelar

Me er så heldige å ha samarbeidspartnarar som ynskjer å støtta oss og alle våre medlemar. Vis medlemskort på appen på mobil (Laget Mitt) og nyt fleire rabattar:

 

* Medlemmar som ikkje har smart telefon, kan få medlemskort på BIL kontoret.

Viergo

>> 15% på boller og brød

Nemus

>> ca 15% på alle behandlinger

Flora Blomster

>> 10% på ordinære varer

XL- Bygg KR.Steinsbø

>> Opptil 20% på ordinere varer

Inspira Beaty

>> 10% på ordinære varer

Bremnes Auto

>> 20% på pizza

Bremnes Innkjøpslag

>> 10% på Fiskars hageutstyr

Gullsmio

>> 10% på ordinære varer

Østensen

>> 15 % bonus på kjøp i butikk

Fargerike Bømlo

>> 10% på Baronesse Interiørmaling

Bilhuset Bømlo

>> Fastpris EU kontroll kr. 995,-

Sortland Møbelsenter

>> 15% på ordinere varer

Intersport

>> 10% på ordinære varer

Mekk Bømlo

>> 10% på ordinære varer

Multisafe

>> 15% på vannslukker med tillsats, dette erstatter skum fra 2024

Clinique Elin

>> 15% på ordinære produkt

Pin It on Pinterest