Bil Håndball

Beskrivelse:
Velkommen til handball i Bremnes Idrettslag!
Handballen sitt hovudmål er å tilby ein spennande og morosam idrett. NHF (Noregs handballforbund) sitt mål er Flest muleg handballspelarar, lengst muleg.
Me følgje skuleruta, så det blir treningsfri i skuleferiar.

Praktisk informasjon:
Per i dag er det kun jentelag i Bremnes IL. Jenter født i 2006 og 2007 trenar saman.
For å vera med å spela handball i Bremnes IL, må ein vera medlem. I tillegg må det kvart år betalas ei treningsavgift – som dekker det utstyr som er nødvendig for å spela handball (kampdraktar, handballar, forsikring ved skade, osv.). Dersom di jenta har lyst til å prøva å spilla handball er det bare å møta opp til trening – krav om betaling av medlemskontingent og treningsavgift kjem etter 3 veker prøvespel.

  • For å ha gode treningar er det viktig at det blir gitt beskjed om ein ikkje kan møta til trening. Dette kan gjerast direkte til trenarane.

Me har fokus på at det skal vera godt å komma på handballtrening, der skal det vera eit godt og positivt miljø, og alle skal trivas. Snakk gjedna med barna dåkas om detta. Me er alle forskjellige og me er alle flinke på ulike områder – her framsnakkar me alt som blir gjort godt, ein god sjølvkjensle er ein god følelse. Dersom det oppstår noko uønska oppførsel, håpar me som trenarar at de tar direkte kontakt med oss.
Me har Facebook-gruppa – Bremnes IL Håndball – be om å bli medlem.
NB! Skal du melda deg ut av BIL Handball eller Bremnes Idrettslag, må detta gjerast på mail til dl@bremnesil.no.

Informasjon om dugnad:
Det vil bli nytta dugnad for handballen – t.d For å få meldt oss på cupar. Fleire av cupane er eit stykke unna sånn at reise og opphald også må påberegnas.
De som foreldre/forsatte er viktige for at BIL skal kunna ha eit godt tilbud om handball for jentene. Me håpar derfor på eit godt samarbeid og mykje engasjemang! 😊

 

 

 

 

Våre trenarar

Jenter 11/12

Gro Ådland, 45619664, groaadland@hotmail.no

 

 

 

 

Treningstider

Me trener i Bømlohallen:

Mandag 17.00 – 18.00
Torsdag 17.00 – 18.00

 

 

 

 

Kontingentar

Halv treningsavgift (høst 2019) kr. 450,-

 

 

Pin It on Pinterest