Beredskapsplan
BREMNES IDRETTSLAG: Beredskapsplan ved alvorleg hending.
Planen skal oppdaterast årleg.
Innleiing
Beredskapsgruppa skal varslast ved alle alvorlege hendingar og ved alvorleg ulykke.
Definisjonar
Ei alvorleg hending vert definert som:
- Hending som vil ha konsekvensar for fleire medlemmar og/ eller tilsette.
- Hending som kan få strafferettslege følgjer, der politiet er eller kan reknast å bli, kopla inn.
- Hending som fører til, eller kan føra til, særskilt merksemd frå pårørande/ media/ offentlege instansar.
Ei alvorlig ulykke vert definert som:
- Hending med ein eller fleire alvorleg skadde (fysisk og/ eller psykisk) som fører til sjukehusinnlegging.
- Dødsfall grunna forhold som har tilknyting til, eller i samanheng med trening, konkurranse /arrangement i regi av Bremnes Idrettslag.
Det er betre at gruppa vert varsla for ofte, enn for sjeldan. Då kan gruppa sjølv vurdera ved kvart høve om dei skal møtast, eller om dei berre skal haldast vidare informerte om hendinga.
Beredskapsgruppe
Beredskapsgruppa består til ei kvar tid av:
Funksjon | Kven |
---|---|
Beredskapsleiar | Leiar av hovudstyret (HS) |
Beredskapsmedlem 1 | Avdelingsleiar i den avdelinga den alvorlege hendinga, ulykka eller skaden har skjedd. |
Beredskapsmedlem 2 | Dagleg leiar |
Stedfortreder (Vert alltid kalla inn. Fungerar som støttefunksjon dersom alle møter)
Funksjon | Kven |
---|---|
Beredskapsleiar | Nestleiar HS |
Beredskapsmedlem 1 | Nestleiar i den avdelinga den alvorlege hendinga/ ulykka har oppstått |
Beredskapsmedlem 2 | Adm. Leiar Fotball |
Kunnskap om hending/ ulykke
Mottakar av melding om hending/ ulykke må bringa på det reine:
KVA har skjedd
KVEN er involvert
KVAR har hendinga/ ulykka skjedd
KVA TID skjedde hendinga/ ulykka
Den i beredskapsgruppa som først mottek melding om hendinga/ ulykka, melder snarast frå til resten av beredskapsgruppa. Den same personen avgjer aleine, eller i samråd med andre av hovudmedlemmane i beredskapsgruppa, om gruppa skal samlast.
Beredskapsgruppe
Ved ei alvorleg hending/ ulykke vil det være naudsynt for hovudstyret å få ei fullgod skildring av situasjonen. For å gjennomføra dei tiltak som hovudstyret finn naudsynte, er det utarbeidd ei oversikt som identifiserar oppgåver og fordelar desse slik:
Oppgåver | Ansvar |
---|---|
Opning og betjening av klubbkontor, telefon og pc | BeredskapsleiarFørst beredskapsmedlem som kjem til staden. |
Organisering av arbeidsoppgåvene | Beredskapsleiar |
Oppsøkje ulykkestaden | Beredskapsleiar/ Avdelingsleiar |
Kontakte politi/brannvesen | Beredskapsleiar/ Avdelingsleiar |
Kontakt med media | Beredskapsleiar |
Kontakt med Kommunal Kriseleiing (KKL), rådmann/ordførar | Beredskapsleiar |
Kontakt med sjukehus/ lege | Avdelingsleiar |
Kontakt med psykiatri | Avdelingsleiar |
Kontakt med pårørande | Avdelingsleiar |
Informasjon til pårørande | Avdelingsleiar |
Kontakt med andre avdelingsleiarar | Dagleg leiar |
Informasjon til klubbens medlemmar | Dagleg leiar |
Informasjon til idrettskrets/ idrettsråd | Dagleg leiar |
Informasjon til skular | Dagleg leiar |
Når hendinga/ ulykka har oppstått
Når ei alvorleg hending/ ulykke har oppstått, kan det vera behov for at klubbkontoret må vera bemanna også utanfor ordinær kontortid. Klubbkontoret fungerar som beredskapssentral og møtestad.
Ved ei alvorleg hending/ ulykke har beredskapsleiar, eller denne sin stedfortreder, ansvar for å koordinera og yta assistanse til leiar av Politi, brannvesen, helse/ambulanse og/eller kommunal kriseleiing. Det same gjelder koordinering av informasjon til dei pårørande og andre partar som er direkte eller indirekte ramma av hendinga/ ulykka.
Bremnes Idrettslag sitt telefonnummer (53 42 16 66) vert oppgjeve.
Dette telefonnummeret skal nyttast for kontakt med beredskapsgruppa.
Det skal føres logg over dei aktivitetar og handlingar som vert utførte.
Beredskapsgruppa for perioden Årsmøte 2018 – Årsmøte 2019
Funksjon | Namn | Mobil (Privat) |
---|---|---|
Leiar Hovudstyret | Tore Kallevåg | 91747099 |
Dagleg leiar | Jovana Babanic | 90057781 |
Funksjon – Avdelingsleiar | Namn | Mobil |
Fotball | Arne Falk | # |
Turn | Anna Iren Stavland | 91704638 |
Handball | # | # |
Friidrett | Ann Helen Nesse Sætre | 99648744 |
FunksjonFunksjon – Stedfortreder | Namn | Mobil |
Nestleiar Hovudstyret | Cato Esperø | 90103145 |
Ad. Leiar fotball | Kjell Økland | 41934444 |
Nestleiar fotball | Bjarne Ådnanes | 91364407 |
Nestleiar turn | # | # |
Nestleiar handball | # | # |
Nestleiar friidrett | # | # |
Informasjon til media
All kontakt med media skal skje gjennom beredskapsleiar.
Ingen andre skal uttala seg til media!
Det er politiet si oppgåve å svara på spørsmål om evt. tilstand og omkomne, namn på omkomne, omstende kring hendinga/ ulykka, årsak til hendinga/ ulykka og redningsarbeid.
Bortsett frå å uttrykka bekymring og sorg over det som har skjedd, bør ein i dei første timane etter at hendinga/ ulykka/ dødsfallet har skjedd visa media og andre eksterne til politiet.
Ved hendingar som involverar medlemmar/ tilsette er det viktig å ikkje ta eit dømande standpunkt, men støtta medlemen /den tilsette.
Ingen er skuldige før han/ ho er dømd! (F.eks. i dopingsaker og liknande.)
Oppfølgingsfasen ovafor pårørande
Denne aktiviteten skal koordinerast av leiar av aktuell avdeling.
Etter ei alvorleg hending/ ulykke er det eit stort behov for informasjon ovafor dei pårørande. Desse har erfaringsmessig eit øyeblikkeleg behov for informasjon om hendinga/ ulykkessituasjonen og hendingsforløpet.
Vær imøtekomande og gje dei pårørande all mogeleg hjelp. Dersom stadfesta opplysingar føreligg, informer nøkternt om hendingsforløpet. Spekuler ikkje i årsak til hendinga/ ulykka.
Politiet har ansvar for å varsla pårørande (Direkte eller via prest) ved dødsfall.
Tilby minnesamling ved ulykkestaden.
Pårørande har ofte eit stort behov for å sjå ulykkestaden. NB!! Rydda.
Tilby støtteteneste/ helseteneste.
Send blomar til pårørande med handskrive kort.
Delta i gravferd. Krans, bårebukett eller blom frå idrettslaget.
Oppfølgingsfasen overfor den skadde
Denne aktiviteten skal koordinerast av leiar av den aktuelle underavdelinga.
Besøk skadde på sjukehus.
Send blomar til dei ramma og deira familie.
Oppfølgingsfasen ovafor klubbens medlemmar
Denne aktiviteten skal koordinerast av dagleg leiar.
La klubben sine deltakarar i det aktuelle arrangementet få vera saman den første tida etter hendinga/ ulykka. Legg til rette for at dei kan snakka saman om sine reaksjonar.
Informer grundig om kva som har skjedd, og om kva som vil skje framover.
Sjekk behova for særlege tiltak ut over det som det tradisjonelle hjelpeapparatet stiller opp med. Dette kan vera samtale med kvalifisert personale i forbindelse med sorg- og
Krisereaksjonar, men det kan og vera å tilby lokala i klubbhuset for samlingar. Gløym ikkje at også andre enn dei som er fysisk/ psykisk skadde kan føla seg involvert i hendinga/ ulykka, og derfor trenger merksemd og eigna tiltak.
Gi relevant informasjon via klubben sine heimesider.
Via kontakt med Kommunal Kriseleiing (KKL) kjem ein og i kontakt med kommunen si sorg/ krisegruppe. Denne gruppa består mellom anna av prest og psykolog. Dei kan hjelpe både klubben sine medlemmar og pårørande med informasjon om korleis ein taklar slike hendingar/ ulykker.
Intern informasjon, opplæring og vedlikehald av prosedyre
Hovudstyre og alle styrer i undergrupper skal på første styremøte etter årsmøte gå gjennom Beredskapsplanen. Dersom det oppstår hendingar som viser svakhetar eller manglar ved denne planen, skal det umiddelbart gjennomførast revisjon. Framlegg til endringar skal snarast mogeleg leggjast fram for Hovudstyret.
Beredskapsplanen skal være tilgjengeleg på klubben sine heimesider i oppdatert utgåve.
Dagleg leiar har ansvaret for dette.
VIKTIGE TELEFONNUMMER
Brann | 110 |
Politi | 112 |
Sjukehus/ AMK | 113 |
Sjukehus, Helse Fonna Stord Sjukehus | 05253 |
Bømlo Legevakt | 53 41 63 00 |
Bømlo Kommune, Kriseleiing | 53 42 30 00 |
Bremnes Idrettslag, kontor | 53 42 16 66 |
Psykiatrisk hjelp vert formidla via legepersonell eller ved sjukehuset.
Klubben har ingen særskilde avtalar med enkeltståande psykologar.