Bil Håndball

Beskrivelse:
Velkommen til handball i Bremnes Idrettslag!
Handballen sitt hovudmål er å tilby ein spennande og morosam idrett. NHF (Noregs handballforbund) sitt mål er Flest muleg handballspelarar, lengst muleg.
Me følgje skuleruta, så det blir treningsfri i skuleferiar.

Praktisk informasjon:
Per i dag er det kun jentelag i Bremnes IL. Jenter født i 2014 og 2015 trenar saman.
For å vera med å spela handball i Bremnes IL, må ein vera medlem. I tillegg må det kvart år betalas ei treningsavgift – som dekker det utstyr som er nødvendig for å spela handball (kampdraktar, handballar, forsikring ved skade, osv.). Dersom di jenta har lyst til å prøva å spilla handball er det bare å møta opp til trening – krav om betaling av medlemskontingent og treningsavgift kjem etter 3 veker prøvespel.

  • For å ha gode treningar er det viktig at det blir gitt beskjed om ein ikkje kan møta til trening. Last ned appen Rubic Connect (erstatter Rubic LagetMitt) og meld barnet av trening her. Dersom du ikkje har brukarnavn, send e-post til dl@bremnesil.no, så opprettar me eit til deg.

Me har fokus på at det skal vera godt å komma på handballtrening, der skal det vera eit godt og positivt miljø, og alle skal trivas. Snakk gjedna med barna dåkas om detta. Me er alle forskjellige og me er alle flinke på ulike områder – her framsnakkar me alt som blir gjort godt, ein god sjølvkjensle er ein god følelse. Dersom det oppstår noko uønska oppførsel, håpar me som trenarar at de tar direkte kontakt med oss.

Info om treningar etc vert lagt ut i Rubic Connect.

NB! Skal du melda deg ut av BIL Handball eller Bremnes Idrettslag, må detta gjerast på mail til dl@bremnesil.no.

Informasjon om dugnad:
Det vil bli nytta dugnad for handballen – t.d For å få meldt oss på cupar. Fleire av cupane er eit stykke unna sånn at reise og opphald også må påberegnas.
Rema Cup er det største arrangementet til BIL. Her er alle idrettsgreinene med på dugnad.
De som foreldre/forsatte er viktige for at BIL skal kunna ha eit godt tilbud om handball for jentene. Me håpar derfor på eit godt samarbeid og mykje engasjement! 😊

 

 

 

 

Våre trenarar

Jenter 9/10

Hilde Hope, 97698589, hilde_hope@hotmail.com

Linda Ersland, 90664758, linda-ersland@hotmail.com

 

 

 

 

Treningstider

Me trenar i Bømlohallen:

Torsdag 17.00 – 18.00

 

 

 

 

Kontingentar

Treningsavgift kr. 950,- per år.

 

 

Pin It on Pinterest