BIL Orientering

Velkommen til Orienteringsgruppa i BIL

Orienteringsgruppa i BIL starta opp våren 2024. Bakgrunnen for oppstarten av orienteringsaktivitet i klubben var to eldsjeler si brennande interesse for turorientering og ynskje om å gjenoppliva orienteringsaktiviteten på Bømlo.

Turorientering

Turorientering var det viktigaste for oss å få på plass til oppstarten 2024. Konseptet turorientering er akkurat som det står i navnet. Orienteringspostar som ligg ute i turområder i ein gitt periode for alle turglade personar til å besøke/registrere i sitt tempo.

Ein delar ofte turorientering opp i 4 vanskelegheitsgrader:

Grøne Turar – Grønne turar passar for alle. Det er korte turar som ikkje krev tidligare erfaring med kart og kompass. Turane er tilpassa rullestolbrukarar og barnevogner og er ofte lagt til boligområder eller parkar.

Blå Turar – Blå turar er fortsatt korte turar som passar for store og små. Turen krev litt kartforståelse og er stort sett på stiar, store og små. Postane er plassert i nærheten av stiane.

Raude Turar – Raude turar er ofte litt lengre turar og krev at du forstår dei ulike kartteikna. Turane går på sti og i terreng. Postane er ofte plassert i terreng men ein skal kunna bruke tydlege ledelinjer til å finna fram til posten.

Svarte Turar – Svarte turar er for den vidarekomne og ein skal ha god kontroll på å lese kart og kompass. Turane går i all type terreng og krev god utholdenhet.

Turorientering er ein skattejakt i naturen for heile familien der postane er skatten og naturopplevinga er ein flott bonus. Det fine med turorientering er at ein kan ta ein skatt ein dag, så komma tilbake neste veke og ta neste.

Me i BIL lagde til 6 løyper fordelt på 4 kart i 2024. 2 grøne turar, 2 blå turar og 2 raude turar. Desse samlar me i ein stor konvolutt som kan kjøpes på forskjellige utsalgsstader. Turorienteringssesongen i BIL strekker seg frå Påskehelga til 20. Oktober så her har ein god tid til å gjere seg ferdig med alle turane.

Våre utsalgssteder er som følger:

  • Administrasjonen til Bremnes Idrettslag (2. etg i Bømlohallen)
  • Bømlo Folkebibliotek (Bømlo Kulturhus)
  • Auto Service Innvær (Esso)
  • Bremnes Auto (Esso)
  • Finnås Auto

Orienteringsløp

Orienteringsløp er konkurranseelementet i Orienteringssporten.
Bremnes arrangerte i debutåret startskotet for orientering på vestlandet nemleg Vestlandspremieren. Eit 3-dagar lang arrangement rundt trekanssambandet der Bremnes IL hadde løp første dagen. Over 100 deltakarar frå Bergen i nord til Egersund i sør opna sesongen sin med eit skumringsløp på Svortland/Leite og var ein fin måte for oss å presentere oss for resten av Orienteringsmiljøet.
Seinare i sesongen arrangerte me eit sprintløp på Rubbestadneset skule og HUTTETU i Svortlandsmarkjo.

Vår intensjon er kvart år å vera ein del av Vestlandspremieren, arrangere eit nærløp/rankingløp i Sunnhordlandskarusellen, sprint/gateløp mot slutten av sesongen og HUTTETU rundt månadskiftet oktober/november.

Orienteringsgruppa har og gode samarbeid med lokale speidargrupper og turlag og hjelp til med å laga opplegg for desse som er ein fin måte å få introdusert Orienteringsidretten på. Me prøver å vera delaktige i lokale arrangement der det er naturlig at ei orienteringsgruppe lagar eit opplegg for både store og små.

KART

Det er laga skulegårdskart til samtlige barneskular på Bømlo. Desse karta er interaktive og lærare kan lage løyper når som helst. Det er også laga sprintkart både på Leite og Rubbestadneset. Karta kan sjåast på https://skoleorientering.no
Også eit stor skogskart fra Sakseidvegen til Svortland er laga.

Kontingentar

Medlemskontigenten til Bremnes Idrettslag er 300,- pr år. Ved å vera medlem har ein gratis påmelding til alle løp i Hordaland og Rogaland krets. Løp med startkontigentar vert fakturert idrettslag i ettertid. Det er ingen treningsavgift eller andre kontigentar utover dette.

Nyttige lenker

Eventor.orientering.no – Dette er terminlista over alle løp som vert arrangert i Noreg. Her kan ein filtrera på datoar og regionar slik at ein lettare finn løp i nærområdet.

Turorientering.no – Bremnes IL – Dette er Turorienteringssida til Bremnes IL. Her finn ein oppdaterte nyheiter, oversikt over områda me har kart i, kva turpakkar som er aktive og til kva pris, poenglister osv. Herfrå kan ein gå vidare og lesa om kva Turorientering er og generelle ting som omfattar Turorientering.

Orientering.no – Dette er heimesida til Norges Orienteringsforbund (NOF). Her finn ein all informasjon ein treng om orientering frå nybyrjar til toppnivå både for trenarar og utøvarar.

 

 

Pin It on Pinterest