BIL Turn

Velkommen til turn i Bremnes Idrettslag!
Turngruppa sitt mål er å gje eit godt tilbod om mosjon til flest mogleg. For born og unge er tilbodet retta inn mot og tilpassa dei ulike aldersgruppene. Alle gruppene følger idrettens grunnstige. For vaksne er tilbodet eit lågterskeltilbod.
Eit turnår følgjer kalenderåret, men har sommarferie juni-august. Skuleruta blir følgd så det blir treningsfri i skuleferiar.
I byrjinga av året opnar påmeldinga til turnåret. Følg med på heimesida vår og FB for påmeldingslink. Om du ynskjer å byrje på turn etter at påmeldingsfristen har gått ut, send e-post til dl@bremnesil.no.

Praktisk informasjon:
Det er stor pågang på turngruppa og me klarer ikkje å gje eit tilbod til alle som ynskjer å vera med.
Me jobbar kontinuerleg med å få med fleire foreldre som trenarar. Kan/vil du bidra så gje beskjed til ADM, dl@bremnesil.no. Alle vil få full opplæring og det er veldig gøy og inspirerande å vera med som trenar for ungane. Me forbeholder oss retten til å prioritere borna til dei som ynskjer å hjelpe til.

For å vera med på aktivitetar i Bremnes IL må ein vera medlem. Dette gjelder forsikring. Dei som ikkje er medlem frå før – med på fotball /friidrett ol. må betale medlemskontingent kr 300,-. Link til innmelding ligg på heimesida til Bremnes idrettslag.
I turn praktiserer me foreldrehjelp. Det vil seie at du som forelder får nokre dagar i løpet av året då du må vera med å hjelpe til på turn. Norges Idrettsforbund krever at alle som hjelper til i eit idrettslag, både trenare, hjelpetrenare og foreldrevakter må vise politiattest. Bremnes IL er intet unntak. Difor ber me de som melder på borna deres om å bestille politiattest samstundes.
På grunn av den store etterspørselen etter å få vera med på turn er det viktig at ein gir beskjed om ein ikkje kan møta på trening. Last ned Rubic Connect appen og meld på/av til trening her. Ta kontakt med ADM, om du ikkje har brukernavn. Kjem ikkje utøveren på fire treningar sammenhengande og me ikkje har fått beskjed, blir plassen gitt vidare til folk på ventelista.

NB! Skal du melda deg ut av turngruppa eller Bremnes Idrettslag, må detta gjerast på mail til dl@bremnesil.no.

Turn følger kalenderår, blir du 3 eller 4 år inneverande år, melder du deg på i 3-4 års gruppa, osb.

Me har stor fokus på mobbing i gruppene våre. Vi ønskjer å legge til rette for eit godt miljø der alle skal trivst, slik at gymnastane kan prestere best mogleg på sitt nivå. Snakk gjerne med borna dykkas om dette. Me er alle ulike og me er alle flinke i ulike øvelsar. Dersom de skulle høyre om noko uønska adferd håpar me de tar kontakt direkte med oss trenarar eller ADM.

 

 

 
 

Turnstyret

Tore Natterøy

Leiar
epost: turn.leiar@bremnesil.no
telefon: 95829225

Tor Arne Martinsen

Nestleiar
epost: torarnemartinsen@hotmail.com
telefon: 97181991

Tom Larsen

Sportslig ansvarlig
epost: turn.sport@bremnesil.no
telefon: 92805680

Stine Omenås Lothe

Økonomiansvarlig
epost: stineolothe@icloud.com
telefon: 99364607

Anette Hollund Aga

Arrangementsansvarleg 1
epost: anette_aga@hotmail.com
telefon: 41477894

Ørjan Opperud

Sekretær
epost: orjanopperud@gmail.com
telefon: 47451575

 

 

Sportsplan

 

 

 

 

Våre trenarar

Turn 3-4 år: Hovedtrener: Glorija Tairova. Kontaktperson: Kristina Nesse, kristina.nesse@maurtua.org, 99008764
Turn 5-6 år: Jannicke Røsvik, jannicke.roesvik@gmail.com, 90843793
Turn 7-8 år: Gunn Karin Andersen, gunnkarin@haugnett.no, 97536966
Turn 9-10 år: Kristina Nesse, kristina.nesse@maurtua.org, 99008764
Turn 11-12 år: Marianne Hollund Espeland: marianne316@gmail.com, 95234329
Turn 13+: Vibeke Rasmussen, vsteenslid@hotmail.com, 97057968
SPU-Trening: Tom Larsen, larst013@gmail.com, 92805680
Vaksenturn: rullering på trenarar. Ta kontakt med dl@bremnesil.no om du har spørsmål eller ynskjer å byrja på vaksenturn.

 

 

 

 

Treningstider

Treningstider turn Bømlohallen

År Dag Tid
Turn 3-4 år Onsdagar 16:15-17:00
Turn 5-6 år Tysdagar 16:30-17:45
Turn 7-8 år Tysdagar 17:45-18:45
Turn 9-10 år Onsdagar 17:00-18:30
Turn 11-12 år Onsdagar 18:30-20:30
Turn 13+ år Tysdagar 18:45-20:45
SPU-Trening Mandagar 17:00-19:00
Vaksenturn Onsdagar 20:30-22:00

 

 

 

 

Påmelding

For informasjon om ledig plass og påmelding til turn, ta kontakt på dl@bremnesil.no

Frå januar 2019 skal BIL praktisere 1 påmelding i løpet av året. Det vert ikkje lenger påmelding til både vår og haust. Eit medlem vel ein idrett og betalar treningsavgift for heile året. Det vert mogleg å byte mellom idrettar i løpet av same år utan ekstra kostnader. Det tyder at ein t.d. kan byrja på turn, men velja å halda fram med handball eller friidrett. Det gjeld spesielle vilkår viss ein ynskjer å byte til fotball. Medlemmar som ynskjer å delta på to aktivitetar skal betale treningsavgift for båe to.

Medlemmar som byrjar med aktivitet etter sommarferien skal betala halv treningsavgift.

Man skal betale medlemskontingent med ein gong ein melder seg inn i klubben og det vert sendt ut informasjon om frist for innbetaling av treningsavgift ved innmelding.

Korkje medlemskontingent eller treningsavgift kan refunderast.
Les meir om medlemskapen under Bli medlem knappen.

 

 

 

 

 

 

Kontingentar

Treningsavgift turn 2024:

  • Heilårsavgift 3-7 år kr. 900,-
  • Heilårsavgift 8-12 år kr. 950,-
  • Heilårsavgift 13+ år kr. 1050,-

 

 

Pin It on Pinterest