BIL Fotball
Velkommen til fotballgruppa i Bremnes IL
Bremnes IL Fotball er den største gruppa i Bremnes IL med over 550 medlemmer i alle aldrar.
Målsetjinga vår er å gje alle som ønskjer det moglegheit til å spela fotball på sitt nivå. I tråd med NFF sin utvida breddeformel, ynskjer me å skape trygge rammer for aktiviteten i Bremnes IL fotball. Flest mulig, lengst mulig og best mulig, skal ha en sjølvsagt plass i fotballen og me vil jobba for at: «Trygghet + Utfordringar + Meistring = Trivsel og utvikling».
Det er treningar året rundt, sju dagar i veka. Treningane er i hovudsak ute, sommar som vinter, men nokre innetreningar blir det i vinterhalvåret. Det meste av treningane føregår på Sentralindrettsanlegget, men ettersom kapasiteten her er begrensa, blir også andre hallar og banar i lokalområdet nytta, både til trening og kamp.
Aktivitetar
Fotballgruppa arrangerer mange aktivitetar i løpet av året.
I januar og februar startar me med 2 innecupar; Nemus nattcup og Blink-hus cup, for lag i barneavdelinga (7-12 år).
I juni er det Rema cup. Dette er det største og viktigaste arrangementet til fotballgruppa. Her kjem det deltakarar frå heile vestlandet. År etter år kan me denne helga, takka vere fantastisk dugnadsinnsats frå foreldre, spelarar og andre engasjerte, gjennomføre den populære cupen.
Juli/august reiser laga i ungdomsavdelinga og junior til Oslo og deltar på Norway cup. Mange blir med for å støtte laga og Bremnes IL har har stolte tradisjonar her.
I haustferien er det fotballskule, der velvillige ungdommar stiller opp som trenarar for unge fotballspillarar (6-12 år) frå heile Bømlo.
Vollyballturnering og sesongavslutning for ungdommar i november. Dette arrangementet er det i stor grad ungdommane sjølv som organiserer.
Trenarar og lagleiarar
Mange lag krev mange trenarar. Alle trenarar og lagleiarar i barne- og ungdomsgruppa trenar laga på dugnad. Fotballgruppa er avhengig av hjelp frå foreldre og andre for å kunna gi eit tilbod til alle. Alle som er trenar på dei ulike trinna får tilbod om trenarkurs.
Medlems- og treningsavgifter
Alle må betala kr 300,- i medlemskontingent til hovudlaget, i tillegg kjem treningsavgifta. Treningsavgifta er kostnaden for å delta på et lag og skal dekke utstyr, banedrift; sommar og vinter, klubbhus, garderobar, vedlikehald, styrkerom og administrasjon. Treningsavgifta er tilpassa det tilbodet man får og varierer derfor både på årstrinn og nivå.
Dugnad
Det er eit eige dugnadsreglement for Bremnes IL Fotball med oversikt over obligatoriske dugnader for dei ulike aldersgruppene. Dette reglementet finn du på heimesida.
Kompetanseplan
Kompetanseplan Bremnes Fotball
Sportsplan
Her finn du BIL sin sportsplan for fotballgruppa.
Sportsplan Bremnes Fotball
Rekruttering
Rekrutteringsplan
Kontingentar
Treningsavgifter fotball
- Heilårs treningsavgift 7-10 år: 1050,-
- Heilårs treningsavgift 11-12 år: 1350,-
- Heilårs treningsavgift 13-16 år: 1750,-
- Heilårs treningsavgift 17-19 år: 2250,-
- Heilårs treningsavgift Senior B herre: 1750,-
- Heilårs treningsavgift Senior A herre: 2750,-
- Heilårs treningsavgift Senior A dame: 2250,-
- Heilårs treningsavgift Stjernelaget: 1050,-
*Halvårs treningsavgifter er halvparten av heilårs treningsavgifter*
Dommarar
I fotballgruppa er det også ei gruppe med dommarar som me er avhengige av for å få fotballkvardagen til å gå rundt. Det er her snakk om klubbdommarar og rekruttdommarar. Årleg blir det halde obligatorisk klubbdommarkurs for alle som spelar i 14-årsklassen.