BIL Friidrett

Velkommen til friidrettsgruppa i BIL!
Friidrettsgruppa i Bremnes IL er ei aktiv gruppe med ca. 50 medlemmar i innesesongen og litt fleire i utesesongen. Me har trening 2 gongar i veka heile året (følgjer skoleruta). Me har også hatt organisert trening for de mest aktive/de eldste i gruppa i sommarferien.

Innandørssesongen
Innesesongen strekkjer seg frå september til april.
I denne perioden trenar me innandørs i Bømlohallen.
Me trenar sirkeltrening måndagar og anna trening torsdagar. I løpet av innesesongen har me stemner kor me konkurrerer i stille høgde og stille lengde. Me har stemner ca.1 gong pr. mnd.

Utandørssesongen
Utesesongen går frå mai til september.
I denne perioden trenar me utandørs på løpebanen samt i turløypa til FET.
Me har 2 treningar pr. veke på løpebanen kor vi trenar alt av uteaktivitetar. Løping, lengde, kulestøyt, liten ball, spyd, høgde og for dei minste er det leik relatert til friidrettsøvelsar som står i fokus.
I utesesongen har me også stemner ca.1 gong pr. mnd.

Kontingent:
Det betalast medlemsavgift til Bremnes IL. 300,- pr. år.
Denne er blant anna med og dekkjer forsikring av utøvaren.

 
 

Friidrettstyret

Lene Borgen Waage

Leiar
epost: leneborgenwaage@hotmail.com
telefon: 95934462

Trond Ånderå

Sportsleg leiar
epost: trondandera@gmail.com
telefon: 90737397

Kristian Hollund

Materialforvaltar
epost: kristianh@seashore.no
telefon: 90986444
 
 

Valnemd

Å bli annonsert

Medlem 1
epost: #
telefon: #

Å bli annonsert

Medlem 2
epost: #
telefon: #

 

 

Våre trenarar

  • Jostein Sæverud
  • Odd Rune Grutle
  • Lene Borgen Waage
  • Roger Mæland Krogsæther

 

 

 

 

Treningstider

Treningstider frå oktober til april i Bømlohallen (innesesong)

Måndag

  • 12+ år: 18:00-20:00

Torsdag

  • 6-11 år: 18:00-19:00
  • 12+ år: 19:00-20:00
Treningstider frå mai til september ute på Sentralidrettsanlegget (utesesong)

Måndag

  • 12+ år: 18:00-20:00

Torsdag

  • 6-11 år: 18:00-19:00
  • 12+ år: 18:00-20:00

 

 

Påmelding

Frå januar 2019 skal BIL praktisere 1 påmelding i løpet av året. Det vert ikkje lenger påmelding til både vår og haust, inne- og utesesong. Eit medlem vel ein idrett og betalar treningsavgift for heile året. Det vert mogleg å byte mellom idrettar i løpet av same år utan ekstra kostnader. Det tyder at ein t.d. kan byrja på turn, men velja å halda fram med handball eller friidrett. Det gjeld spesielle vilkår viss ein ynskjer å byte til fotball. Medlemmar som ynskjer å delta på to aktivitetar skal betale treningsavgift for båe to.

Medlemmar som byrjar med aktivitet etter sommarferien skal betala halv treningsavgift.

Man skal betale medlemsavgift med ein gong ein melder seg inn i klubben og det vert sendt ut informasjon om frist for innbetaling av treningsavgift ved innmelding.

Korkje medlemsavgift eller treningsavgift kan refunderast.
Les meir om medlemskapen under Bli medlem knappen.

 

 

 

 

Kontingentar

Medlemskontingent (årlig) kr. 300,-

Treningsavgift (årlig) kr. 1250,-

Halv treningsavgift (høst) kr. 600,- (om ein byrjar etter sommarferien)

 

 

 

 

Sportsplan

Du kan lasta ned sportsplan for friidrett ved å trykkja på knappen.

 

 

 

 

Sportsplan

 

 

 

 

Statistikk/Rekordar

Aldersrek 2018

Banerekorder 2018

Klubbrekorder 2018

 

 

Pin It on Pinterest